Våre fellesskap

Våre fellesskap

Søndagsmøte/Storsamling kl.11:00

Søndagsmøtet er eit høgdepunkt for mange, og det faste treffpunktet vi har der vi samlast til fellesskap med Jesus og kvarandre uavhengig av alder. Søndagsmøta blir også kalla Storsamling, der vi samlast annankvar søndag kl.11.00. Her er alle velkommen, også du som ikkje har vore her tidlegare! I starten av samlinga er borna også med, og mykje er tilrettelagt dei i denne delen av møtet. Om lag kl. 11.15 går borna til sine eigne alderstilpassa opplegg, og møtet held fram for dei vaksne. På storsamling får vi høyre frå Guds ord, ber, lovsyng og deler vitnesbyrd. Etter at møtet er ferdig er det triveleg å slå av ein prat med både nye og kjente over ein kaffikopp og noko å bite i. Du er varmt velkomen!

 

 

Søndagsklubben Sprell (0-5 år)

Søndagsklubben Sprell er eit tilbod til barn opp til skulealder, og vi samlast annankvar søndag. Vi startar i hovudsalen kl. 11.00 saman med dei vaksne og dei eldste borna, og går for oss sjølv for å ha vårt eige opplegg om lag kl. 11.15. Det er også mogleg å komme direkte til Søndagsklubben Sprell kl. 11.15 for dei som ynskjer det. Mange av borna synes det er trygt å ha me seg ein vaksen, og det er sjølvsagt heilt greitt. Borna får lære om Jesus gjennom forteljingar frå Bibelen, songar, bøn og aktivitetar. Vi har også ei skattekiste som vert opna kvar gong. Til slutt er det servering av bollar og saft oppe i hovudsalen, til glede for både liten og stor. 

Sprell følgjer Søndagsskolen Sprell Levande sitt undervisningsopplegg.

Onsdagsmøte/Bønnemøte kl.19:30

Vi samlast til onsdagsmøte ein onsdag i månaden. Her syng vi saman, nokon har ei andakt, dei som ynskjer det deler vitnesbyrd, og vi ber saman. Onsdagsmøta startar kl. 19.30. Du er hjarteleg velkomen.

Vi samlast til bønnemøte ein onsdag i månaden. Bønnemøta startar med at det er ein som deler eit ord frå Bibelen, og deretter ber vi saman. Bønnemøta startar kl. 19.30. Du er hjarteleg velkomen.

Onsdagsmøta og bønnemøta veklsar annakvar gong.

 

 

 

 

Søndagsklubben Sparks (1.-4.klasse)

Annankvar søndag samlast dei borna som går i 1.- 4.klasse til Søndagsklubben Sparks. Vi startar i hovudsalen kl. 11.00 saman med dei vaksne og dei andre borna, og går for oss sjølv for å ha vårt eige opplegg om lag kl. 11.15. Det er også mogleg å komme direkte til Sparks kl. 11.15 for dei som ynskjer det. På Sparks syng vi saman, får høyre om det som står i Bibelen og snakkar saman i grupper om det vi har lært. Etterpå leikar vi saman. Til slutt er det servering av bollar og saft oppe i hovudsalen, som for mange er eitt av høgdepunkta i samlingane. 

Sparks følgjer Awana sitt undervisningsopplegg. «Awanas visjon er at barn og unge skal kjenne, elske og tjene Jesus gjennom hele livet. Det handler i utgangspunktet om en relasjon til Han som elsker med en evig kjærlighet. Videre handler det om bibelkunnskap og at som en konsekvens av Hans kjærlighet, vil vi tjene andre ved å gi Guds kjærlighet videre.» «På Sparks får barna høre bibelens fortellinger fra både Det nye og Det gamle testamentet, og undervisningen knytter bibelens budskap til deres egen hverdag. Sparks har 4 undervisnings-serier. Temaer i denne fasen er: Bli kjent med Jesus, bli kjent med Den hellige ånd, hvordan kan jeg ta kloke valg og å stole på Gud.» Utdrag henta få Awana.no.

Bibelgruppefellesskap

Annankvar tysdag samlast vi til bibelgruppefellesskap kl. 20.00. Innhaldet og oppsettet i samlingane varierer litt frå gong til gong, men inneheld alltid fleire av følgande element: bønn, lovsong, bibelstudie, vitnesbyrd og nattverd. Vi ynskjer med samlingane å vere saman om å prise Jesus, dele liv og bønneemne, lære meir om kven Jesus er, og bli inspirert og utfordra til å leve kvardagen saman med Han. 

Dei som er med på samlingane er i hovudsak unge vaksne, men alle er hjarteleg velkomne, uavhengig av alder. Samlingane vart til som eit felles treffpunkt for fleire bibelgrupper, men er no ikkje knytt til bibelgrupper, og det er ingen krav om at ein må vere med i ei bibelgruppe for å vere med på bibelgruppefellesskap.

Between (5.-7. klasse)

Between er for dei som går i 5. klasse og oppover, og vi samlast i kjellaren på bedehuset annankvar fredag kl. 19-21. På Between får vi høyre undervisning frå Bibelen, og vi samtalar saman om det vi har lært og det vi lurer på. Det er også mykje tid til leik og spel og moro. Kiosken er alltid open, og der kan vi handle pizza, brus, chips og snop.

Between følgjer Awana sitt undervisningsopplegg. «Awanas visjon er at barn og unge skal kjenne, elske og tjene Jesus gjennom hele livet. Det handler i utgangspunktet om en relasjon til Han som elsker med en evig kjærlighet. Videre handler det om bibelkunnskap og at som en konsekvens av Hans kjærlighet, vil vi tjene andre ved å gi Guds kjærlighet videre.» Between følgjer opplegget T&T for 10-12-åringar. «Dette er gjerne den perioden i livet barna virkelig begynner å reflektere over liv og død, tro og tvil. Temaer i denne fasen: Gud elsker meg som jeg er og kjenner meg best, logiske forklaringer på tro, livet med Gud, å gjøre gode valg, og ledet og utrustet av Den hellige ånd. T&T har tre undervisnings-serier: «Spor av nåde», «Nåde i aksjon» og «Nåde-agentene».» Utdraga er henta frå Awana.no.