om oss

Om oss

Vår visjon og misjon

På Laurhammar er vår visjon at Gud skal skapa inkluderande fellesskap der me møter, ærer og tilber Jesus Kristus.

Laurhammar bedehus er innmeldt i Indremisjonssamskipnaden (IMS) som består av over hundre lag og foreiningar frå bygdene i Sunnhordland, Hardanger og Voss. Indremisjonssamskipnaden er ein evangelisk-luthersk organisasjon med visjon om å «byggja varme, inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus og gjera dei til hans disiplar!».